Ni mista livet og 500 vart skadde langs vegane i Rogaland i fjor. ILLUSTRASJONSFOTO: ARKIV
Ni mista livet og 500 vart skadde langs vegane i Rogaland i fjor. ILLUSTRASJONSFOTO: ARKIV

Ni mista livet på vegane

Ni mista livet og 500 menneske vart skadde på vegar i Rogaland i 2015. I dag blir ale desse minna under Trafikkofra sin dag.

Medan talet på dødsoffer i trafikken i Noreg har gått kraftig ned dei siste åra, er talet på dødsoffer i Rogaland det same som i 2014. Men det er likevel mange færre enn i skrekkåret 2013, då heile 19 omkom på vegane i fylket.

Dei som mista livet i fjor, var fem bilførarar, éin passasjer, éin MC-førar, éin fotgjengar og éin syklist. Tre kvinner og seks menn i alderen 18-58 år. Tre var ungdommar mellom 18 og 24 år, tre var i 30-40-åra og tre var i 50-åra.

Kvar ulykke er ein tragedie for dei involverte

Seks av dødulykkene i Rogaland var i nordfylket. Tre mista livet i Tysvær, éin i Vindafjord og to i Suldal. To ulykker skjedde i Bjerkreim og ei i Stavanger.

— Kvar ulykke er ein tragedie for dei involverte, for familie, vener og for lokalsamfunnet og Rogaland, heiter det i ei pressemelding frå Trygg Trafikk i samband med Trafikkofra sin dag – ei markering som finn stad fleire stader i fylket torsdag denne veka. Trygg Trafikk meiner at det er utfordrande å ferdast på smale vegar i Nordfylket.

— Betra standard på vegane må prioriterast, slik at risikoen for å ferdast blir lågare enn i dag, skriv dei.

Omtanke

— Trafikkofra sin dag handlar om å vise omtanke for dei pårørande og dei som vart skadde, og vi minnast dei som døde etter ei tragisk trafikkulykke. Dagen er også ei markering av at det er viktig å prioritere arbeid med trafikktryggleik, heiter det i pressemeldinga.

Den første markeringa av Trafikkofra sin dag i Rogaland fann stad i 1990. Sidan då har 480 menneske mista livet i trafikken på vegane i Rogaland.

Fylkestrafikktryggleiksutvalet, Statens vegvesen og Trygg Trafikk samarbeider med politiet, Den norske kyrkja, brannvesen og ei rekke frivillige organisasjonar om Trafikkofra sin dag. Trygg Trafikk meiner at trafikantane har vorte meir ansvarlege med åra, og at bilane er tryggare enn før.

— Samtidig vil me minne om at merksemda må rettast på vegen og sjåføren. Mobiltelefoner og anna som distraherer sjåføren, er ein hyppig årsak til mange av trafikkulykkene i Noreg. Me minner også mjuke trafikantar om at dei må gjere seg synlege i mørke, med lys på sykkel og refleksbruk, skriv Trygg Trafikk.

I Hordaland mista åtte menneske livet i trafikken 2015, mens talet i 2014 var 11.