Gruppa CC Cowboys kjem til årets Bluesfestival. Dei stiller med same besetning som dei turnerte med i 2015. 

Pressefoto
Gruppa CC Cowboys kjem til årets Bluesfestival. Dei stiller med same besetning som dei turnerte med i 2015. Pressefoto

Nye namn til bluesen

Skal markera 20-årsjublieet med fleire store namn

Skånevik Bluesfestival markerer 20 år i år og har byrja å sleppa namna til årets festival. Nyleg kunne dei røpa at CC Cowboys har bekrefta at dei kjem. I 2015 feira CC Cowboys heile 25 år som band. Og det med stil. Det nye albumet «Til Det Blir Dag» fekk flott mottaking frå kritikarar og publikum, og selde til gull. I tillegg selde hitsamlinga «40 Beste» til platina, og bandet hadde formidabel suksess med over 30 utselde konsertar gjennom sommaren og hausten, med allsong på både nye og gamle låtar.

— Gullplate og suksess, etter 25 år, er stor stas og gøy, seier vokalist Magnus Grønneberg, blant anna i samtale med Anne Lindmo då dei gjesta programmet 12. september. Den folkelege favoritten snakkar om varig venskap og respekt internt i bandet, om kreativitet og utfordringar opp gjennom åra. Og han forklarar korleis plateutgivingar og konsertverksemd i skjøn foreining og jamn straum nok er ein viktig årsak til CC Cowboy sin varige suksess. CC Cowboys vil ha same besetning i 2016 som dei hadde i 2015: Magnus Grønneberg (gitar/vokal), Agne Sæther (trommer), Jørn Christensen (gitar/vokal), Per Vestaby (bass/vokal), Kyrre Fritzner (keyboard/gitar), Julie Dahle Aagård (kor/trekkspill), Madeleine Ossum (kor/fiolin).

Gullplate og suksess, etter 25 år, er stor stas og gøy,

Morudes

Duoen og brødreparet Amund og Henrik Maarud utgjer gruppa Morudes, og er også sett opp programplakaten for 2016. Amund Maarud er nok mest kjent som ein av landets tøffaste gitaristar, og saman med broren Henrik utgjorde han halvparten av besetninga i The Grand for seinare å vinne Spellemanspris med Amund sitt soloprosjekt. Brørne har ein god kjemi på scenen, og no er det garasjeblues med duo-prosjektet Morudes som gjeld. Gutane er for i tida i studio og jobbar med debutplata og første single kjem allereie på forsommaren. Morudes live er i følgje arrangør ei fryd for både auga og øyra. Det er vanskeleg å fatta at det berre er to musikarar på scena, og at det er mogleg å produsera så mykje lyd med to instrument. At det svinger skikkelig er det hvertfall ingen tvil om.