Arets-navn-kollage960x500
Bilde 1 av 6
Attraktiv spelar for andre klubbar: Kristoffer Haraldseid.
Arkivfoto
Attraktiv spelar for andre klubbar: Kristoffer Haraldseid. ArkivfotoBilde 2 av 6
Arne Gunnar Habbestad, Ølensvåg. Hans engasjement viser igjen i bygdene.
Arne Gunnar Habbestad, Ølensvåg. Hans engasjement viser igjen i bygdene. Bilde 3 av 6
Lars Olav Larsen frå Sandeid har i mange år sett sitt preg på idretten i Vindafjord, blant anna som primus motor for Ølmedal Rundt.
Snart i mål. Primus motor for det nye anlegg på Fjellstøl, Lars Olav Larsen. ArkivfotoBilde 4 av 6
Berit Rafdal har alltid likt å vera ute i naturen, både sommar som vinter og når ho no er blitt pensjonist er naturen noko av det som får meir av tida hennar. Foto: Grethe Hopland Ravn
Berit Rafdal har gjennom 30 år fått folk til å gå på kino og andre kulturtilbod i Etne.Bilde 5 av 6
Turid Straumsøy, Skånevik er eit ja-menneske av dei sjeldne og har eit breitt engasjement i bygda.
Turid Straumsøy, Skånevik er eit ja-menneske av dei sjeldne og har eit breitt engasjement i bygda.Bilde 6 av 6

Stem på Årets namn 2015

Har du framleis ikkje røysta på Årets namn 2015 – så begynner det å hasta.

Det har kome inn mange røyster sidan avrøystinga blei opna i starten av denne veka. Ingen ting er avgjort og di  stemme kan avgjera resultatet.

Du kan stemma ved å klikka deg inn i toppsak på grannar.no, eller senda sms til tlf.  975 70 789. Hugs kandidatnummer (1 – 6). Kvar lesar ha éi stemme.

Hugs å skriva namna, adresse og telefonnummer. Me trekkjer ut to gåvekort på kr 500,- til bruk hos den lokale handelsstanden blant dei som deltar.

Dette er kandidatane til Årets namn 2015:

  1. Catherine Chimba (43), Ølen

Catherine Chimba frå Zambia kan karakteriserast med orda sprudlande, omsorgsfull og ressurssterk. Kom til Noreg i 1998 og opplevde det vanskeleg å både forstå språket, bli integrert og kjenna seg heime i sitt nye heimland. Gjekk i bresjen for å arrangera ein integreringsdag for sitt fargerike nabolag, og målet var auka venskap og minka framandfrykt. Dette har vore suksess. For femte året på rad blei Mitt fargerike nabolag arrangert for fullt Ølen kulturhus i 2015, og for mange har Catherine Chimba betydd svært mykje.

  1. Arne Gunnar Habbestad (53), Ølensvåg

Arne Gunnar Habbestad er eit utprega ja-menneske som har lagt ned ein enorm jobb for Ølen, Ølensvåg og andre bygder i kommunen, mellom anna for Ølen IL. Er ikkje typen som stikk seg fram, men får likevel ting gjort, blant anna då han fekk ideen til pantebuene som idrettslaget fekk sett opp. Var prosjektleiar for det nye klubbhuset i Ølen, og blant initiativtakarane til brukthandel. Har også engasjert seg i bygging av gang- og sykkelveg, i idrettslagsstyret og nå i leiinga i nystarta Vindafjord turlag-

3. Kristoffer Haraldseid (21), Vats

Kristoffer Haraldseid har sidan 2009 markert seg som ein fotballspelar på nasjonalt nivå. Han har representert Noreg på alle nivå frå G15 til U21 og står nå med 59 kampar i landslagsdrakta. Som 16-åring gjekk han frå SK Vats 95 til FK Haugesund der han fekk sin tippeligadebut alt i 2011, og i dag står forsvarsspelaren frå Vats bokført med over hundre A-kampar. 2014 blei hans store gjennombrot i Tippeligaen, og han fylgde opp med ein endå betre 2015-sesong der han var nest best i FKH på VG-børsen og fast på tippeligalaget.

4. Lars Olav Larsen (60), Sandeid

Lars Olav Larsen er ein ekte drettens mann. Han har hatt viktige verv og posisjonar i Vindafjord IL, og står sentralt i ei rekkje engasjement både i heimbygda og andre stader i kommunen. Larsen er mest kjent som ei av eldsjelene bak Ølmedal rundt, men har også stått svært sentralt i skimiljøet i Sandeid og i Vindafjord, både som pappa, leiar og i arbeidet med å bygga opp det interkommunale Fjellstøl ski- og friluftsanlegg. Dette har gitt gode kontaktar oppover i norsk idrettsmiljø som har kome til nytte med fleire kjendisbesøk.

  1. Berit Rafdal (65), Etne

Berit Rafdal er eit kulturens menneske av det unike slaget. Gjennom ungdomslaget Fram, og seinare Etne kulturhus, har ho i over 30 år vore ei drivkraft for å få folk frå heile distriktet ut av sofaen til å sjå film i fellesskap, noko som blant anna har resultert i kåring som Årets kinosjef for heile landet. Rafdal har også vore sentral gjennom mange år med å bygga opp Etne som ei leiande kulturbygd på indre Haugalandet. Bild, imøtekomande og kreativ har vore viktige eigenskap i arbeidet med å lukkast.

  1. Turid Straumsøy (45), Skånevik

Turid Stramsøy er ei engasjert dame i det meste av frivillig arbeid i heimbygda si gjennom mange år. Ho har blant anna vore leiar i Skånevik IL, samstundes som ho var dagleg leiar for idrettshallen, og sit i styret i skytarlaget, og har hatt mange andre verv og roller i lag og organisasjonar. Positiv og engasjert på mange frontar og seier alltid ja til dugnad og andre spørsmål, som å baka kake til eit arrangement. Også eit turmenneske som alltid får tid å ta med sine fire barnebarn ut i naturen.