Tatt for bruk av narkotika

Natt til laurdag møtte politiet på ein mann i Vikedal som framstod som påverka av narkotika. Urinprøve blei tatt, og mannen erkjente bruk av narkotika. Sak er oppretta, melder Sør-Vest politidistrikt avdeling Haugesund.