Ingrid Lunde (til venstre) jublar over sølv i volleyball saman med resten av laget.
Foto: Privat
Ingrid Lunde (til venstre) jublar over sølv i volleyball saman med resten av laget. Foto: Privat

Tok sølv i volleyball

Ingrid Lunde (24) frå Ølensvåg fekk ein andreplass i volleyball etter laurdagens cupfinale i Oslo.

— Me hadde helst håpa på ein førsteplass, men nå er me nummer to. Det er alltid kult å spela cupfinale, men litt kjipt å tapa, seier Lunde etter at laget hennar Oslo volley tapte mot Randaberg volley.

— Dei var betre enn oss, og me klarte ikkje å pressa dei. Nå skal me satsa vidare mot neste år. Då går me for gull, seier ho.

Ingrid Lunde satsar mest på sandvolleyball. Her er målet å kvalifisera seg til OL i Tokyo i 2020.

— Eg skal satsa vidare på sandvolleyball, men vil også spela volleyball vidare. Om to veker er det nordisk cup, og deretter skal eg til Las Palmas på treningsleir i sandvolleyball, seier studenten får Ølensvåg som for tida er busett i Oslo.