Thea (til venstre) og Ester Espeset frå Kopervik var blant dei mange som oppsøkte sol og fin snø på Olalia i dag. Hunden Ronja er klar for tur.  Foto: Jon Edvardsen
Thea (til venstre) og Ester Espeset frå Kopervik var blant dei mange som oppsøkte sol og fin snø på Olalia i dag. Hunden Ronja er klar for tur. Foto: Jon Edvardsen

Draumedag på fjellet

Stor utfart mot Olalia i dag i strålande sol og fin snø.

Parkeringsplassen på Opheim var i ferd med å bli full midt på dagen i dag. Men med bilar til og frå, var det alltids ein parkeringsplass å få.

Over 600 bilar, var rapporten frå parkeringsvaktene på det tidspunktet.

Blant dei mange var Thea og Ester Espeset frå Kopervik som hadde tatt turen til fjellet og snøen. Med seg hadde dei hunden Ronja som var yr og ivrig etter å kome i gang på utfarten.

— Med snø og fine forhold måtte vi berre ta turen sjølv om vi eigentleg ikkje har tid til det. Det er første turen her i denne vinteren, fortel Ester Espeset.

Friluftsrådet Vest lokka med god brøyting og parkering, og flotte skispor inn til Olalihytta og rundt Vådli og Staurskar. Og dei skiglade var ikkje tunge å be med nesten full parkeringsplass på Opheim.