Vogntoga tek heile vegbreidda no når sperringane er sette opp. Heller ikkje to personbilar kan passera samstundes utan problem. Foto: Anci C. Tinde
E134 må prioriterast, meinar skribenten i dette innlegget. Arkivfoto

E134 lokalt ikkje nemnd

NTP 2018-2029 lagt fram.

E134 strekkja mellom Skjold i Vindafjord og Bakka i Etne kommune er ikkje nemnd i Nasjonal transportplan for 2018-2029 som blei presentert i dag.

— Gode velferdstenester og konkurransekraft for næringslivet krev både ein moderne infrastruktur med høg kvalitet og effektive og sikre transportløysningar. Dei statlige transportetatane og Avinor AS har levert eit godt faglig grunnlag for Samferdselsdepartementet sitt vidare arbeid med NTP. Nå går me for fullt inn i ein politisk prosess, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen då han måndag mottok grunnlagsdokumentet for NTP-en.

Ikkje omtalt

Lokalt har det vore stilt store forventningar til planen. Trasé for ny E134 mellom Skjold og Bakka til ein stipulert kostnad på fire milliardar kroner, er i grove trekk bestemt via kommunedelplanar. For å koma vidare trengst det løyvingar til detaljregulering.

NTP-dokumentet viser til at det er sett av 160 millionar kroner til Haugalandspakken for å innfri staten sine lovnader i samband, men det rundt 40 kilometer lange E134 prosjektet i Vindafjord og Etne er ikkje nemnd i planen, som eit byråkratisk dokument som nå skal behandlast politisk.

Vinnarar

I den ferske NTP-en E134 er omtalt under «Korridor Oslo – Bergen/Haugesund med arm via Sogn til Florø». I regionen er E134 i tunnel mellom Seljestad og Røldal, og frå Røldal til Vågslid, der vel halve strekninga ligg i tunnel lista opp blant nye prosjekt. Dette er prosjekt som inngår i ny vintersikker veg over Haukeli og som ein del av å styrka hovuduvegsambandet mellom Vestlandet og Austlandet. Dei to prosjekta ligg inne i siste halvdel av planen.

Også kyststamvegen E39 mellom Kristiansand og Trondheim har fått stor omtale som ein prioritert veg i NTP-en. Rogfast som gir ferjefri vegsamband mellom Stavanger og Haugalandet, ligg som venta i planen og kan få oppstart i løpet av eit par år. Også Hordfast, som gjer at trafikantane kan ta seg mellom Sunnhordland og Bergen utan ferje, er kome med i den nasjonale transportplanen som går fram til 2029.

Grannar kjem attende med meir om saka.