Fartsbøter i Vikedal

Vindafjord lensmannskontor gjennomførte tysdag morgon ein fartskontroll på Rv. 46 like sør for Vikedal. Resultatet var ni forenkla førelegg. Høgaste fart blei målt til 61 km/t i 50-sona. I tillegg blei ein førar tatt for ulovleg bruk av mobiltelefon under køyring. Lensmann Ingvar Gjerde opplyser at bakgrunnen for kontrollen var klage frå publikum om mykje uvettig køyring gjennom Vikedal.