Ved 17.30-tida sundag blei det arbeidd med å berge den utbrente hengaren ved Seljestadtunnelen. 
FOTO: STATENS VEGVESEN
Ved 17.30-tida sundag blei det arbeidd med å berge den utbrente hengaren ved Seljestadtunnelen. FOTO: STATENS VEGVESEN

Sandeid-sjåfør får ros etter tunnelbrann

Vogntoget som tok fyr i Seljestadtunnelen sundag ettermiddag var fullasta med kjøtt frå Fatland Ølen. Sjåføren, frå Sandeid-selskapet Hustvedt og Skeie AS, får ros for handlekrafta.

Like før klokka 15 sundag tok det fyr i eit vogntog lasta med mellom 10 og 15 tonn kjøttvarer frå Fatland Ølen. Lasta skulle til Oslo.

To vogntog møttes

Teknisk leiar Inge Fatland ved Fatland Ølen seier til Grannar at uhellet ha skjedd i samband med at to vogntog skulle passere kvarandre.

Det var virkelig snarrådig gjort av sjåføren

— Det er veldig smalt i Seljestadtunnelen, og han har komme borti taket på tunnelen. Sjåføren oppdaga at det tok fyr. Han fekk heldigvis køyrd bilen ut av tunnelen, kobla frå hengeren og berga både seg sjølv og trekkvogna, roser Fatland.

LES OGSÅ: 10 timar ventetid på Haukeli

Sjåføren får og ros frå vaktkommandør Sigbjørn Villanger ved 110-sentralen i Hordaland, og legger til:

— Det var virkelig snarrådig gjort av sjåføren, seier han til Bergens tidende.

20 vogntog om dagen

Ifølgje Inge Fatland får ikkje hendinga noko anna konsekvens for Fatland enn at nokre kunder får varene seinare enn dei elles ville fått. Noko av varene skulle rett til butikkar, andre skulle til vidareforedling.

Det går dagleg 20 vogntog over Haukeli til og frå slakteriet i Ølen.

Det er Hustvedt og Skeie AS i Sandeid som er transportør for Fatland. Grannar var i kontakt med dagleg leiar Geir Hustvedt ved 18-tida sundag.

— Ingen kommentar akkurat no, me arbeider for fullt her oppe, sa han.