Ut og inn på same dag

Sør-Vest politidistrikt avdeling Haugesund melder søndag om ein mann som fekk ein dag i fridom, før han måtte tilbake til arresten. Mannen blei slept ut frå arresten laurdags morgon og sa han skulle reise til Sauda. Han kom ikkje lenger enn til Ølen der han starta på ny fest. Politiet melder dei fekk omsut for mannen og sette han tilbake i arresten.