Svein Atle Berge er dagleg leiar i Ølen Betong AS. Arkivfoto: Arne Frøkedal
Svein Atle Berge er dagleg leiar i Ølen Betong AS. Arkivfoto: Arne Frøkedal

Best på Haugalandet

Ølen Betong AS vart kåra til Årets bedrift under Haugalandskonferansen fredag kveld. Fylkesordføraren skrøyt av heile Vindafjord då ho delte ut prisen.

Fredag var toppar frå politikk og næringsliv samla på Scandic Maritim Hotel i Haugesund under den årlege Haugalandskonferansen.

Gründermiljøet som pregar bygda og kommunen der selskapet har sitt hovudkontor har definitivt hatt sitt å seie for utviklinga

Eit av høgdepunkta under konferansen er utdelinga av prisar, og då dei skulle kåre den mest gjeve prisen av alle, Årets bedrift, var det duka for heider til vekstbedrifta Ølen Betong AS.

— Veldig kjekt

— Det var veldig kjekt. Det er et klapp på skuldra til alle som jobbar i bedrifta, seier dagleg leiar Svein Atle Berge til Grannar.

Les også: Oppkjøp i betong

Heile Vindafjord fekk ros då fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal i Rogaland delte ut prisen.

— Gründermiljøet som pregar bygda og kommunen der selskapet har sitt hovudkontor har definitivt hatt sitt å seie for utviklinga, og for at juryen har vald Årets bedrift til å vere Ølen betong, sa ho.

La vekt på vekst

Juryen bak prisen la særskilt vekt på veksten selskapet har hatt, både gjennom oppkjøp og eiga vekst, og betongkonsernet si emne til å tilpasse seg marknaden gjennom innovasjon og utvikling.

Så seint som i januar i år var det klart at Ølen Betong AS kjøpte Forsand Sandkompani AS, ei verksemd med 20 tilsette.

Med den nye verksemda i porteføljen teljer selskapa i Ølen Betong-systemet totalt rundt 450 tilsette, har produksjon på 25 ulike stader i Noreg samt Russland, og stå for ein omsetning på om lag halvanna milliard kroner.