E134 Skjoldavik - Solheim stakk av garde med pris for årets anlegg 2015.. 
Foto Tomin Meling i Meling Media 2
E134 Skjoldavik - Solheim stakk av garde med pris for årets anlegg 2015.. Foto Tomin Meling i Meling Media 2Bilde 1 av 3
Heile strekninga mellom Bakka og Solheim er planlagd med same standard som nye E134 gjennom Skjold (bildet).

FOTO: TOMIN MELING/MELING MEDIA
Heile strekninga mellom Bakka og Solheim er planlagd med same standard som nye E134 gjennom Skjold (bildet). FOTO: TOMIN MELING/MELING MEDIABilde 2 av 3
Prosjektleiar Asbjørn Opedal i Statens vegvesen får mykje av æra for det vellukka veganlegget i Skjold.
 Foto: Jon Edvardsen
Prosjektleiar Asbjørn Opedal i Statens vegvesen får mykje av æra for det vellukka veganlegget i Skjold. Foto: Jon EdvardsenBilde 3 av 3

Dette er årets veganlegg 2015

E134 Skjoldavik – Solheim blei tysdag kveld kåra til Årets Anlegg 2015 under årets Byggegalla på i Oslo.

Anlegget i Skjold i Vindafjord som blei opna i fjor sommar, er eit prosjekt i Haugalandspakken, som omfattar ei standardheving av dei to viktigaste transportårene gjennom regionen; E134 mellom Haugesund og Etne og Rv. 47 gjennom sju kommunar.

— Det var fleire gode kandidatar til å vinna denne prisen og det var ikkje enkelt å kåra vinnaren. Juryen konkluderte med at E134 var det beste prosjektet ut frå ei heilskapleg vurdering, seier juryleder Arne Skjelle ifylgje ei pressemelding.

eit flott og framtidsretta vegprosjekt utført med stor omsorg for oppgåva og nærmiljøet

Han beskriv prisen som ein gjennomføringspris kor alle aspekt blir tillagt stor vekt. Dette omfattar blant anna god byggeskikk/arkitektur, HMS og miljø, innovasjon og ikkje minst samarbeid mellom aktørane i gjennomføringa og kvaliteten på totalproduktet. I sum er dette eit prosjekt som tenar hensikta.

Tett dialog

Det er fleire sider ved både sjølve prosjektet og gjennomføringa som skil seg ut med E134 Skjoldavik – Solheim, meiner juryen.

– Før oppstarten av byggearbeidet og gjennom heile anleggsperioden hadde aktørane eit tett samarbeid og dialog med alle involverte parter, frå underentreprenører og kommune, til naboar, skule og kyrkje. Grunna god kommunikasjon og samarbeid gjekk heile samhandlingsprosessen på skinner. Prosjektet blei fullført éin månad før tida, innanfor dei økonomiske rammene og utan skader gjennom heile arbeidet, seier Skjelle.

I juryens grunngjeving heiter det blant anna:
«E134 Skjoldavik – Solheim er eit flott og framtidsretta vegprosjekt utført med stor omsorg for oppgåva og nærmiljøet. Tekniske utfordringar knytt til nærliggande busetnad, lokalt naturmiljø og næringsverksemd er løyst på ein imponerande måte. Prosjektet gjer ein forskjell med tryggare skuleveg og regional gjennomgangstrafikk som blir ført utanfor tettbebyggelse. Fortløpande dialog og løysningsorienterte partar har bidratt til effektiv produksjon utan uhell med entusiasme og god samhandling mellom partane. Vegen kunne takast i bruk fire månader tidlegere enn planlagt og med rett kvalitet. Eit vellukka prosjekt som til fulle tener si hensikt.»

Sentrale aktørar

Byggherre: Statens vegvesen Region vest med prosjektleiar Asbjørn Opedal i spissen
Arkitekt: Statens vegvesen
Hovudentreprenør: Vassbakk & Stol AS
Konsulent byggeplan: ConStrada AS
Underentreprenør: Skanska Norge AS

Juryen består av Arne Skjelle (juryleiar) (direktør BNL), Kari Sandberg (adm. direktør i EBA), Morten Lie (direktør DiBK), Kjersti Folvik (dagleg leiar NBGC), Bjørn Erik Selnes (direktør Statens vegvesen), Harald Martin Gjøvaag (Alliance arkitekter AS) og Arve Brekkhus (sjefredaktør Byggeindustrien/bygg.no). Lene Eikefjord er prosjektleder for konkurransen og juryens koordinator.