Færre ledige i Vindafjord

NAV sine mars-tal viser ein nedgang på arbeidslause i Vindafjord den siste månaden, frå 121 til 115 ledige. Det utgjer ei arbeidsløyse på 2,4 prosent som er sju færre enn for eitt år sidan. I Etne kommune er det nå registrert 53 heilt ledige, som ved utgangen av februar. Dette gir 2,5 prosent arbeidsløyse. Gledeleg er utviklinga i Rogaland der det andre månad på rad er færre heilt utan arbeid. Likevel er det vel 12.000 registrerte heilt utan arbeid i oljefylket. I Sunnhordland held arbeidsløysa seg framleis høg og sidan mars i fjor er det ein auke på 610 ledige eller 4,5 prosent. Samanlikna med februar er det ein auke i ledige p ni. Stord er hardast ramma med 6,0 prosent i arbeidsløyse.