Fleire festar bussbeltet

Statens vegvesen testa i førre veke 145 turbussar på Vestlandet og sjekka ca. 2.800 passasjerar for beltebruk. Resultata viser at om lag 2.700 passasjerar brukte beltet. — Dette er tal som vi er godt nøgde med, seier Anne Margrethe Bøe, kampanjeansvarleg i vegvesenet. Samanlikna med kontrollane i haust er desse tala mykje betre. Det har vore ein nedgang frå 22 prosent i fjor til 4 prosent i år av dei som ikkje brukar bilbelte. Berre åtte av 900 passasjerar under 15 år, køyrde utan belte. Éin av 144 bussjåførar var i same kategori. Neste haust vil det kosta kr. 1500,- om ein gløymer å festa beltet på bussturen.