Garasje totalskadd

Brann i Vikebygd.


Eit større garasjebygg blei totalskadd i ein brann i Vikebygd. Brannen blei meldt like over midtnatt natt til andre påskedag. Politiet kan førebels ikkje seia noko om brannårsaka. Ingen personar kom til skade. Vindafjord lensmannskontor vil etterforska brannen.