Redaktør Arne Frøkedal meiner ein tilbakegang på sju aviser er akseptabelt. 
FOTO: JON EDVARDSEN
Redaktør Arne Frøkedal meiner ein tilbakegang på sju aviser er akseptabelt. FOTO: JON EDVARDSEN

Har ein liten vekst

Grannar er blant få aviser i Rogaland og Hordaland med opplagsvekst i fjor.

Lokalavisa for Etne og Vindafjord er ein av fem aviser i dei to fylka som kan kalle seg kjerringa mot straumen i opplagstala for 2015 som var lagt fram i dag.

Det er i alt 40 aviser i dei to fylka med stort og smått, og trenden for dei aller fleste er ein nedgang. Det er også berre dei fem avisene med vekst for papirutgåva som har auke i netto opplag medrekna digitale abonnement.

Det er fleire variantar i digitale abonnement som gir ulikt utslag på det totale opplaget for landets aviser.

Dei fem avisene med pluss i Rogaland og Hordaland er Sandnesposten, Solabladet, Bygdebladet Randaberg/Rennesøy, Grannar og Grenda.

 Held stillinga

Grannar hadde ein auke med fem aviser på papir og sju i nettoopplaget medrekna digitale. Det godkjende papiropplaget til Grannar var 3.437 aviser i fjor. Redaktør Arne Frøkedal i Grannar er glad for at lokalavisa held stillinga i opplag, og dermed blant lesarane.

— Det er gledelege tal når ein ser rundt seg i avislandskapet. Auken er ikkje stor, men med pluss på 27 året før, er det grunn til å vere nøgd i dag. Men det er deprimerande å sjå på utviklinga i avis-Noreg med stort fall i opplaget for mange, seier han.

 Total nedgang

Dei største avisene i dei to vestlandsfylka, Stavanger Aftenblad, Haugesunds Avis og Bergens Tidende har nedgang både på papir og digitalt. På papir hadde Haugesunds avis ein nedgang på 2.901 aviser, Stavanger Aftenblad minus 6.219 og Bergens Tidende ein nedgang på 11.457 papiraviser.

For Haugesunds Avis var nedgangen i nettopplaget, medrekna nett, på 2.121.

For dei over 100 avisene i Landslaget for lokalaviser finn ein aviser både med god vekst og med nedgang i opplaget, og totalt går dei ned med 2,5 prosent, opplyser LLA.

Blant avisene i Mediebedriftene hadde 18 opplagsvekst, men det totale avisopplaget gjekk ned med 8,5 prosent, og totalopplaget medrekna digitalt var minus 5,2 prosent. Tilgangen til betalt stoff på nett, staggar på langt nær nedgangen på papir.