Arne Gunnar Habbestad med prisen for Årets namn 2015 i regi Grannar. 
Arkivfoto: Arne Frøkedal
Arne Gunnar Habbestad med prisen for Årets namn 2015 i regi Grannar. Arkivfoto: Arne Frøkedal

Heidra med kunst

Arne Gunnar Habbestad fekk det synlege beviset på tittelen Årets namn 2015 under Grannar AS sitt årsmøte denne veka. Den engasjerte vågsbuen fekk suverent flest stemmer då lesarane skulle røysta på seks kandidatar. Prisen var kunstverket «Eventyret venter» av Kristian Finborud. Habbestad fekk prisen for sitt breie frivillige arbeid i Ølen og Ølensvåg, men også elles i Vindafjord. Han kvitterte med ein stor takk, samstundes som han poengterte at det var mange andre som gjer ein stor jobb i lokalmiljøet, og viste blant anna til dei mange fotballtrenarane som er i aksjon fleire kveldar i veka.

Årsmøtet valte Øyvind Valen frå Vikebygd som ny styreleiar. Han erstattar Kåre Breivik frå Skjold som har vore involvert i Grannar-styret sidan 1997; først som vararepresentant, styremedlem frå 2001 og styreleiar frå 2005. Som takk for lang og god innsats fekk Breivik overrekt ei klokke. Ny i styret er John Karsten Hustveit, Teigland, medan Rune Hetland blei valt for ein ny toårsperiode. Årsmøtet fekk framlagt ein rekneskap som viste 360.000 kroner i resultat før skatt av ei omsetning på 11,3 millionar og ein soliditet på 53,2 prosent.