Kvinne truffen av eigen bil

Ei kvinne i 50-åra hamna under sin eigen bil i Vikebygd måndag morgon.

av Torstein Tysvær Nymoen

— Uhellet skal ha skjedd i samband med at ho skulle opne eller lukke ei grind. Bilen ho hadde gått ut av begynte å rulle og traff kvinna. Ho ha skal ha kome i klem mellom ein portstolpe og bildøra. Og på eit et eller anna vis har ho til slutt hamna under bilen, og dratt med bilen cirka 10 meter, fortel operasjonsleiar Trond Friberg ved Sør-Vest politidistrikt i Haugesund.

Uhellet skjedde på eit gardsbruk i Vik.

Det var ingen vitne til sjølve uhellet, men kvinna lukkast sjølv med å få varsla mannen som var i nærleiken, og han fekk varsla naudetatane.

Friberg legg vekt på at kvinna ikkje er mistenkt for noko som helst i samband med saka.

— Dette har vore eit reint uhell, seier operasjonsleiaren.

Politiet fekk melding klokka 07.20. I tillegg til helsepersonell rykka både ein politipatrulje med kriminalteknikar og Statens vegvesen si ulykkesgruppe ut til åstaden nær Vik.

Kvinna vart køyrd til Haugesund sjukehus. Der får Grannar opplyst at kvinna har fått lettare skadar.

— Tilstanden til kvinna er stabil, opplyser kommunikasjonssjef Margareth H. Langebro i Helse Fonna.