Lastebil i grøfta

Ein lastebil hamna godt ned i grøfta ved E134 ved Ølen måndag ettermiddag. Ingen kom til skade i hendinga, men vegen var delvis stengd i samband med bilberging. — Saka vil få ei oppfølging frå vår side, kanskje i form av ei bot eller eit pålegg, seier lensmann Ingvar Gjærde ved Etne og Vindafjord lensmannskontor. Ifølgje lensmannen har sjåføren, ein lokal mann, mista kontrollen over det store køyretøyet i ei slak venstrekurve. Det er ikkje mistanke om ruskøyring.