Mista lappen

Ein sjåfør mista førarkortet etter å ha blitt tatt i fart- og promillekontroll på E134 i Øvre Vats frå kl 22.15 Skjærtorsdag til 01.50 Langfredag, melder Sør-Vest politidistrikt avd. Haugesund. Farten blei målt til heile 94 km/t i 60-sona. Av 54 som blei sjekka, var det fem reaksjonar, alle for fart.