Nordtveit til West Ham?

Ei rekkje europeiske nettstader melder fredag at fotballspelar Håvard Nordtveit er på veg til å bli West Ham-spelar.

Håvard Nordtveit sin kontrakt med tyske Borussia Mönchengladbach går ut til sommaren. Det har i fleire vore månader vore spekulert om eit klubbskifte i vinter, og ei rekkje engelske Premier League klubbar, blant andre Arsenal og Liverpool har vore nemnd.

Nå skal West Ham, ifylgje meldingar på ulike sosiale medium, vera mest aktuell for spelaren frå Vats, og at ein kontrakt snarleg vil bli offentleggjort. West Ham har voerraska stort i år og ligg på øvste halvdel av tabellen i England.