Til EM? Håvard Nordtveit og det norske landslaget i fotball står føre to svært viktige kampar.
ARKIVFOTO
Til EM? Håvard Nordtveit og det norske landslaget i fotball står føre to svært viktige kampar. ARKIVFOTOBilde 1 av 2
Kristoffer Harladseid og FKH tapte 3-2 mot Brann laurdag.
ARKIVFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Kristoffer Harladseid og FKH tapte 3-2 mot Brann laurdag. ARKIVFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOENBilde 2 av 2

Noreg stolar på Nordtveit og Haraldseid

England-aktuelle Håvard Nordtveit (25) er med i A-landslagstroppen som vart tatt ut tysdag. Sambygdingen Kristoffer Haraldseid (22) skal ut i nye kampar for U21-landslaget.

Håvard Nordtveit har enno ikkje sagt noko om kva klubb han skal spele for når han forlèt Borussia Mönchengladback, men dem ambisiøse London-klubbben West Ham er av fleire media nemnd som mest aktuell for vatsbuen.

Grannar  lukkast ikkje med å få Nordtveit i tale tysdag, men i eit intervju på heimesida til Borussia Mönchengladbach seier 25-åringen at han har gjort det opp til sin nye arbeidsgjevar å annonsere signeringa.

— Men eg kan seie at eg reiser tilbake til England. Eg var der som ung. Eg spelde for Arsenal då eg var 17, men hadde ingen kampar i Premier League, seier han.

Han seier at England er det store målet for alle fotballspelarar i Noreg, og at han har lyst til å prøve seg der igjen.

— Eg er framleis berre 25, og no har eg sjansen til å ta karrieren min i ei ny retning og starte eit nytt eventyr. Det gjer vondt å forlate Gladbach. Men det er ikkje ei avgjersle fordi eg har noko i mot Borussia, men for å gjere noko nytt, seier han.

I intervjuet takkar han sin tyske sportssjef Max Eberl som har kjempa hardt for å halde på vatsbuen.

— Eg skal framleis gje alt i mine siste kampar her, slik at Borussia kan kjempe i Europa neste år. Forhåpentlegvis i Champions League, men Europa League-kvalifisering vil også være eit supert resultat, legg han til.

Estland og Finland

Det som er klart er at han framleis er under vingane til landslagstrener Per Mathias Høgmo. Tysdag var han nok ein gong i troppen som vart presentert då Høgmo tok ut laget som skal spele privatlandskamp mot Estland i Tallin  24. mars og mot Finland på Ullevaal stadion 29. mars.

Nordtveit og Premier League er ein god match

Høgmo trur Nordtveit kan lukkast i ein retur til England.

— Nordtveit og Premier League er ein god match. Han har den fysikken som skal til for å lukkast. Det er veldig gledeleg å sjå at han har handtert fleire roller, sa han på pressekonferansen i samband med landslagsuttaket.

Haraldseid på U21

Kristoffer Haraldseid, som grunna kjenning med ein strekkskade sto over serieopninga der FK Haugesund slo Sarpsborg 1-0 borte sundag, er tatt i U21 troppen som spelar mot Nederland og Spania på La Manga 25. og 28. mars.

Haraldseid sa nyleg til Grannar (G+) at A-landslaget og spel i ein større liga er målet. Han har ein kontrakt med FKH som går ut etter denne sesongen.

A-landslaget:

Rune A. Jarstein – Hertha Berlin
André Hansen – Rosenborg
Ørjan Håskjold Nyland – Ingolstadt
Haitam Alesaami – IFK Göteborg
Jo Inge Berget – Malmö
Valon Berisha – Red Bull Salzburg
Adama Diomande – Hull
Omar Elabdellaoui – Olympiacos
Vegard Forren – Molde
Even Hovland – Nürnberg
Ruben Yttergård Jenssen – Kaiserslautern
Stefan Johansen – Celtic
Joshua King – Bournemouth
Martin Linnes – Galatasaray
Fredrik Midtsjø – Rosenborg
Håvard Nordtveit – Borussia Mönchengladbach
Ole Kristian Selnæs – St.Etienne
Per Ciljan Skjelbred – Hertha Berlin
Stefan Strandberg – Krasnodar
Jonas Svensson – Rosenborg
Alexander Toft Søderlund – St.Etienne
Martin Ødegaard – Real Madrid

U21-landslaget:

Sondre Løvseth Rossbach – Odd
Per Kristian Worre Bråtveit – Haugesund
Thomas Grøgaard – Odd
Kristoffer Haraldseid – Haugesund
Petter Strand – Molde
Jonas Grønner – Brann
Bjørn Inge Utvik – Sogndal
Ulrik Yttergård Jenssen – Lyon
Marius Høibråten – Strømsgodset
Iver Fossum – Hannover 96
Fredrik Aursnes – Molde
Anders Trondsen – Sarpsborg 08
Eirik Hestad – Molde
Mohamed Elyounoussi – Molde
Ghayas Zahid – Vålerenga
Morten Thorsby – Heerenveen
Rafik Zekhnini – Odd
Alexander Sørloth – FC Groningen
Veton Berisha – Spvgg Greuther Fürth
Martin Samuelsen – Peterborough