Bodil Agasøster frå Ølen jobbar i Brussel.
FOTO: SØRLANDETS EUROPAKONTOR
Bodil Agasøster frå Ølen jobbar i Brussel. FOTO: SØRLANDETS EUROPAKONTORBilde 1 av 1

Mange drepne i terror i EU-hovudstaden

Minst 34 menneske er drepne og mange titals skadd i terroråtaka i Brussel tysdag. Den utflytta ølensbuen Bodil Agasøster var blant dei som ikkje gjekk på kontoret i dag.

Agasøster er vaksen opp i Ølen kor ho budde til ho var ferdig med vidaregåande. Ho har vore busett i Brussel sidan 2003 og jobbar i dag som leiar ved Sørlandets Europakontor i Brussel.

— Det som har skjedd er skrekkeleg. Eg er sjokkert, og føler avsky mot dei som gjer dette, sier ho til Grannar.

Det må investerast mykje meir i utdanning, toleranse, integrasjon og mot radikalisering av dei unge

Agasøster var eit godt stykka unna både flyplassen og t-banestasjonen Maelbeek der bomber gjekk av høvesvis klokka 08.15 og klokka 09.30, men opphaldt seg ikkje så langt i frå Det frie Universitet i Brussel som vart evakuert etter ein konkret trussel seinare på dagen.

Held seg heime

Ho fortel at dei fleste innbyggarane i den belgiske hovudstaden held seg heime i dag. Sjølv har ho eit barn som går på skule i byen, og at dei nett har fått melding om at skulen truleg stenger allereie i dag før påske. I Belgia stenger ikkje skulene vanlegvis før på måndag i samband med påske.

Agasøster har levd lenge med at trusselnivåa i EU-hovudstaden har variert mellom nest høgaste og høgaste nivå. Kontoret ho jobbar ved har adresse i Norway House i Brussel. Bygningen har vore passa på av belgiske soldatar heilt sidan angrepet på det franske satiremagasinet Charlie Ebdo i Paris 7. januar i fjor. Ved trusselnivå 4 får ingen ta i mot besøkande ved kontoret. På nivå 3 må besøkjande registrere personalia og får sleppe inn ein og ein.

Agasøster presiser at ho snakkar som privatperson overfor Grannar, når ho vidare seier at no må alle gode krefter jobbe vidare mot radikalisering.

Ho beskriv eit belgisk samfunn som har særs store utfordringar som følgje av at dei ikkje har lukkast med integrering, og beskriv mellom anna store skilnadar innan språk og religion som utfordrande for dagens unge.

— Det er nok mange som opplever at dei ikkje har så god framtid i Brussel, og derfor er det også veldig mange syriafararar frå Belgia, seier ho. Det må investerast mykje meir i utdanning, toleranse, integrasjon og mot radikalisering av dei unge, meiner ho.

Korleis terroren vil virke inn på hennar familie sin tanke om ei framtid i Brussel, er ho usikker.

— Brussel blir nok ikkje meir attraktiv etter det som har hend no. Om me ein dag vel å flytta, vil det nok første og fremst vere grunna strukturelle endringar i samfunnet, seier ho.

Flyplass og t-banestasjon

Den første bomba gjekk ifølgje NRK av ved flyplassen Zavantem klokka 08.15 og den siste ved T-banestasjonen Maelbeek klokka 09.30.

Utanriksminister Børge Brende har opplyst at det så langt ikkje er noko som tyder på at det er nordmenn blant ofra for terrorhandlingane i Brussel.

Klokka 14.30 tysdag er 34 menneske bekrefta døde etter terroren. 14 av desse mista livet på flyplassen, 20 på T-banestasjonen.

Belgiske styresmaktar fryktar at fleire skuldige bak Brussel-terroren er i live og på frifot.