Guten fekk eit kutt i panna og vart køyrd til legevakta etter uhellet, melder operasjonssentralen i Sør-Vest politidistrikt avdeling Haugesund.
Fallet skjedde då guten køyrde ein liten ATV, medan faren sprang ved sidan av. Det skjedde i nedoverbakke i ein skrent. Både politi og ambulanse rykte ut etter at meldinga om uhellet kom inn rett over klokka tolv i dag.