Alvorleg skadd etter knivstikking i Vikebygd

Politiet fekk fredag kveld melding om ein valdsepisode i Vindafjord. — Ein mann er alvorleg skadd etter knivstikking i Vikebygd og vart sendt til sjukehus i Stavanger med ambulansehelikopter. Tilstanden er alvorleg med stabil. Han fekk mellom anna stikkskader i ryggen, melder politiinspektør Thomas Utne Pettersen ved Sør-Vest politidistrikt avd. Haugesund laurdag føremiddag. Tre personar vart pågripne av politiet, ein av dei vart frakta innom Haugesund sjukehus med skade. Politiet kjenner til to av dei pågripne frå tidlegare, men dei vil ikkje gå ut med ytterlegare informasjon. Saka er under etterforsking.