Lappen rauk i Vats

To sjåførar blei tatt då politiet gjennomførte ein fartskontroll på E134 i Øvre Vats frå midnatt og fram til 01.15 natt til onsdag. Medan ein slapp unna med eit forenkla førelegg, blei den andre anmeldt og fekk førarkortet inndrege etter å ha blitt målt til ein fart på 87 km/t i 60-sona.