Ølen gjorde som Liverpool

Det var ikkje berre Liverpool som snudde ein viktig kamp i fotball torsdag kveld. For same kveld som dei raude på balløya i vest snudde 1-3 mot Borussia Dortmund til siger 4-3 i Europa League, fekk også spelarane på Ølen IL i 5. divisjon kjenne den søte smaken av å snu kampen mot slutten etter å ha ligge under store delar av sitt oppgjør.

Ølen IL tok rett nok leiinga borte mot Nord IL då Magne Christiansen scora i det sjette spilleminuttet. Men eimelaget svarte minuttet etter med utlikning, og gjekk opp i 2-1-leiing i det 25. minutt. Nord så ut til å ri i land tre poeng, men i det 75. minutt sytte karmøybuane sjølve for utlikning med sjølvmål.

Og tre minutt før slutt kunne Ølen juble for leiing då Oliver Vestbø scora, og i det 90. minutt sytte Sverre Ramsfjell for å sette spikaren i kista. Siger 4-2 til laget som i skrivande stund er det beste i Vindafjord. Ølen står med seks poeng og full pott på dei årets to første seriekampar.

Hugs Grannar sin lokale tippekupong