Rune Torstenbø avgjorde då Ølen slo Vats94/Skjoldar 1-2. Foto: Magne Skålnes
Rune Torstenbø avgjorde då Ølen slo Vats94/Skjoldar 1-2. Foto: Magne Skålnes

Ølen vann nabo-oppgjer i Vats

Etne med imponerande bortesiger mot Hemmingstad.

Alle dei tre lokale laga i 5. divisjon var i aksjon fredag kveld. I Vats skulle dei to Vindafjord-laga gjera opp seg i mellom, medan Etne hadde bortekamp mot sterke Hemmingstad.

I Vats var det Ølen som kunne smykka seg med tittelen; “Best i Vindafjord”, etter at Rune Torstenbø avgjorde mot slutten av kampen. I første omgang skåra Per Skjæveland for Ølen, medan Tore Berakvam ordna balanse i stillinga før pause.

Vats94/Skjoldar måtte spela siste halvtimen med 10 mann etter at Jarle Sjurseike vart utvist.

Det har vore ei god veke for Ølen som slo Etne ut av cup’en på tirsdag.

Etne slo tilbake i kveld med ein sterk siger borte mot Hemmingstad. Åsmund Norheim skåra begge måla i ein fin 1-2 siger.

Med dette har alle dei tre laga i Grannar-regionen 9 poeng etter 4 kamper, og ligg bra plassert i toppen av tabellen.

Les meir om oppgjera i mandagens papiravis.