Kaptein Eirik Haugen leia Etne IL til ny siger på heimebane. Dermed har laget festa eit lite grep om ein av dei to opprykksplassane på tabellen.
ARKIVFOTO
Kaptein Eirik Haugen leia Etne IL til ny siger på heimebane. Dermed har laget festa eit lite grep om ein av dei to opprykksplassane på tabellen. ARKIVFOTO

Haugen-dobbel då Etne slo Vats94/Skjoldar

Ølen greidde berre 0-0 borte mot svakt plasserte Leirvik BK.

Etne vann 2-1 over Vats94/Skjoldar tirsdag kveld. Kampen vart spela på Etne Stadion. Vindafjord-laget kom best i gang og leia 0-1 til pause. Øystein Berge Gjellestad skåra målet like før sidebyte.

Etne kom sterkare i 2. omgang og sette inn to mål, begge ved kapteinen Eirik Haugen.

I ein annan kamp i kveld spelte Ølen borte mot Leirvik BK. Kampen enda 0-0 etter mange brente sjansar til Ølen.

Etne ligg med dette heilt i toppen av 5. div med sine 12 poeng saman med Skudenes, medan Ølen har 10 og Vats94/Skjoldar har 9poeng.