Sju mopedistar fekk påpakning

Politiet i samarbeid med Statens vegvesen hadde torsdag ettermiddag trafikkontroll ved dei vidaregåande skulane i Etne og Ølen. 22 mopedar blei sjekka og tre av dei blei avskilta på grunn av ulovleg trimming. Fire andre fekk bruksforbod etter funn av tekniske manglar.