Travel natt for politiet

Operasjonsleiar Jarle Utne-Reitan melder om ei travel natt i regionen. Også i grannardistriktet måtte politiet innom fleire gonger. Natt til søndag blei ein patrulje frå Vindafjord lensmannskontor tilkalla til ein pub i Ølen. Der hadde ein gjest vore svært ufin mot andre gjester, og det hadde medført utveksling av nokre slag mellom partane som av patruljen blei oppfatta for å ver «like gode». Ingen av partane blei skadd. Begge var påverka av alkohol og fekk pålegg om å halda seg borte frå Ølen sentrum fram til søndag føremiddag.

Mindre enn ein time seinare blei ein mann i Ølen vekka av at ein annan mann sto rett nedanfor huset hans og ropte og snakka med folk som ikkje var tilstades. Ein patrulje blei sendt til staden og mannen som laga bråk var identisk med ein av mennene som blei bortvist frå Ølen pub tidlegare på natta. Mannen som er i slutten av 20-åra blei sett inn i drukenskapsarresten i Haugesund og er meldt for ordensforstyrring.

Bråk mellom gjester

Frå ein pub på Sandeid fekk politiet inn melding klokka 02.08 natt til søndag om at det var tilløp til bråk mellom lokale gjester og nokre utanlandske gjestearbeidarar. Då politipatruljen kom til staden hadde partane dradd. Vitne kan fortelja at det hadde oppstått munnhuggeri, men ikkje vald. Patruljen drog vidare utan å melda nokon.