Vats94/Skjoldar gjekk på heimetap

Vats94/Skjoldar tapte 1-2 mot Kopervik 2 på Hatteland Stadion i Vats fredag kveld. Svein Halldor Skare førte heimelaget i leiinga etter 14 min. I tillegg hadde same mann eit langskot i kryss-stanga allereie etter 1. minutt.

Men Kopervik 2 som har gjort det bra i det siste, spelte seg opp i 2. omgang og sette to mål bak Sondre Selsaas i Vats94/Skjoldar-buret. Så det vart ingen poengfangst i denne kampen heller for Vindafjord-laget som har tapt 3 kampar på rad nå. Neste kamp går borte mot Ferkingstad torsdag 19. mai.

Vats94/Skjoldar ligg nå på ein 6. plass på tabellen med 9 poeng, medan Skudenes toppar med 15 poeng.