Eit steg mot vestlandsregion

Eit samrøystes fylkesting i Hordaland har vedteke ei ramme for intensjonsavtale om ein framtidig storregion på Vestlandet. Forhandlingane om ei mogeleg samanslåing mellom Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane til ein Vestlandsregion er eit steg vidare.

—  Ein historisk dag, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun, melder fylkeskommunen på si eiga nettside.

Utkastet til intensjonsplan viser hovudpunkt for forhandlingar og moglege forhandlingstema under dei ulike hovudpunkta. Mellom anna skal det drøftast regionens namn og merke, politisk styreform og korleis oppgåver skal organiserast.

— Som fylkesordførar er eg svært glad for å ha eit samla fylkesting i ryggen når me står på for å samle Vestlandet til ein region, seier Hestetun.

Fylkestinget i oktober skal ta stilling til intensjonsplanen og eventuelt forslag om samanslåing skal skje på fylkestinget i desember.

Hordaland fylkeskommune har sett ned eit forhandlingsutval som har hatt første møte med forhandlingsutvala i Rogaland og Sogn og Fjordane.