Det oppstod lange køar etter ulykke på Liaheia.
Foto: Stein Espen Bøe
Det oppstod lange køar etter ulykke på Liaheia. Foto: Stein Espen Bøe

Kvinne frå Haugesund omkom

Det var Aud Else Madsen (60) frå Haugesund som omkom på Liaheia i Skjold etter samanstøyt med lastebil måndag ettermiddag.

Det var like før kl. 17.00 at politiet fekk melding om ei alvorleg trafikkulykke i Skjold. Lastebilen var på veg austover då den støytte saman med ein person uti vegbanen. Vedkomande blei erklært død på staden av lege, opplyser operasjonsleiar Andre Skram Hansen ved politiet sin Sør-Vest politidistrikt sin operasjonssentral i Haugesund.
E134 var stengt ein periode like etter ulykka, men var rundt kl 19.00 delvis open for trafikk igjen. Politiet kan førebels ikkje seia noko om årsaka til ulykka. Det er 80-sone på staden og bein strekkje. Fotgjengaren skal ha kome uti vegbanen like ved ein busstopp.
Vindafjord lensmanskontor etterforskar saka vidare. Lensmann Ingvar Gjærde opplyser til Grannar at dei har direkte vitne til ulukka. Etaten har vore på staden og tatt avhøyr av vitne og sikra spor i arbeidet med å få ein oversikt over kva som har skjedd. Politiet har ikkje funne grunn til å inndra førarkortet til lastebilsjåføren.
— Vedkomande er fylgd opp av helsepersonell og arbeidsgjevar, seier Gjærde.
Statens vegvesen si ulykkesgruppe var på staden i timane etter ulykka og dei var også på åstaden dagen etter for å kartlegga årsaka til dødsulykka. Den omkome er sendt til obduksjon.