Postbygget på Steinsland, Sandeid. Tjuvane tok seg inn i postbygget på baksida.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Postbygget på Steinsland, Sandeid. Tjuvane tok seg inn i postbygget på baksida. Foto: Irene Mæland Haraldsen

Prøvde seg på safe med vinkelslipar

Innbrotstjuvane hadde godt utstyr, men greidde ikkje å opna postsafen i Sandeid.

Vindafjord lensmannskontor håpar på hjelp frå naboar og publikum etter eit innbrot i Posten sine lokale på Steinsland, mellom Ølen og Sandeid i helga. Lensmann Ingvar Gjære opplyser at innbrotet har skjedd ein gong mellom laurdag og natt til måndag.

— Uvedkomande har brote seg inn i lokalet og forsøkt å bryta opp eit pengeskap, blant anna ved bruk av vinkelslipar, opplyser Gjærde.

Posten har ein fordelingssentral på Steinsland og vanlegvis er det ikkje verdiar i safen, noko det heller ikkje var denne gongen. Tjuvane har ikkje fått med seg stort av verdiar.

Politiet er interessert å koma i kontakt med folk som kan ha høyrt eller sett noko i det aktuelle tidsrommet, eller andre opplysningar som kan kasta lys over saka.