Støy i byggjefeltet Vågshagen var eitt tema under synfaringa i fjor for Bukkanibba vindkraftverk i Vindafjord. Underdirektør Tollef Taksdal i Olje- og energidepartementet nummer to frå venstre, og deretter Geir Berge i Vågen grendeutval og Karl Andreas Knutsen i Haugesund Turistforening.

Nei til Bukkanibba

Frp-statsråd Tord Lien sa nei til vindmøller på Bukkanibba i Vindafjord.

Det er vel eitt år sidan representantar frå Olje- og energidepartementet var i Vindafjord for å vurdere vindkraftparken og lytte til lokale innspel.

I dag kom konklusjonen frå departementet med eit nei til konsesjon til Bukkanibba vindkraftverk mellom i fjellet mellom Ølensvåg, Vats og Vikebygd.

 Lokal motstand

— Bukkanibba vindkraftverk er eit lite prosjekt med avgrensa lønsemd. Etter ei heilskapleg vurdering har departementet kome til at dei samla skadane og ulempene ved prosjektet er større enn fordelane. Eg har også lagt vekt på den store lokale motstanden mot utbygging, seier olje- og energiminister Tord Lien i ei pressemelding.

Norges vassdrags- og energidirektorat gav Lyse Produksjon AS konsesjon til 10 vindturbinar på høgfjellet ved Bukkanibba.

Etter klagebehandling der åtte lokale og regionale instansar protesterte mot vindkraftverket, deriblant Vindafjord kommune, har Olje- og energidepartementet også kome til denne konklusjonen og vender tommelen ned for søknaden.

 Vindafjord kommune sa nei til både Døldarheia vindkraftverk i fjellet mellom Vats og Sandeid og Bukkanibba vindkraftverk på andre sida av dalføret i Vats, og no er sluttresultatet at ingen av dei får konsesjon.