Leiar i Vikedal Rootsfestival, Jarle Nes seier at festivalteltet blir i år flytta til Båthamna. Det er her talentkonkurransen vil finna stad. 
Arkivfoto
Leiar i Vikedal Rootsfestival, Jarle Nes seier at festivalteltet blir i år flytta til Båthamna. Det er her talentkonkurransen vil finna stad. ArkivfotoBilde 1 av 2
Stig Morten Sørheim, her saman med kollega Kjetil Ulland, ynskjer velkomen til låtinnspeling.
Arkivfoto
Stig Morten Sørheim, her saman med kollega Kjetil Ulland, ynskjer velkomen til låtinnspeling. ArkivfotoBilde 2 av 2

Speidar etter talent

I sommar har Vikedal Rootsfestival nytt konsept på programmet, og inviterer ungdom til talentkonkurranse. Vinnaren får spela inn ein singel i ABC-studio, og 50 eksemplar til odel og eige.

Det er nok ikkje få som drøymer om ein dag i eit moderne lydstudio, der dei får spela inn ein song i saman med ekte lydteknikarar og proffe musikarar og eit sluttresultat som ein kan vera stolt av. Det er nettopp denne draumen som i sommar kan bli realitet for éin heldig – og talentfull ungdom.

— Då me kom på ideen, starta det først med å arrangera ein kveld med open scene for ungdom. Ein stad dei kunne visa seg fram og visa kva dei var gode for. Men så kom både Knapphus bensinstasjon, Grannar og ABC-studio med på laget og me kunne løfta konkurransen til eit høgare nivå, seier leiar for rootsfestivalen, Jarle Nes.

Ikkje nøl med påmelding

Dermed er festivaltorsdagen blitt dagen der ungdomen skal få visa sitt musikalske talent. Nes fortel at dette talentet kan vera reint musikalsk så vel som vokalt, og dei som kjenner dei har noko å by på, må melda seg på konkurransen innan 14. juni.

— Her kan unge frå heile distriktet melda seg på, så lenge dei er under 25 år. Me kjem til å ha instrument tilgjengelege, så dei som har nokon som kan spela for seg, kan låna instrument hos oss. Me vil også prøva å få til ei playback-ordning for dei som heller ønskjer å synga til musikk ein spelar av, seier Nes.

Han håpar på at mange vil melda seg på, og når fristen er ute vil dei trekkja ut fem til seks personar som får opptre denne torsdagskvelden i festivalteltet i Båthamna.

Jury

— Me gjer det proft og stiller med skikkeleg lyd og lys. Vinnaren blir kåra same kveld, og ein skal ikkje sjå bort frå at me skal få til ei flott avslutning på kvelden der vinnaren får stå på scenen ein gong til, seier festivalleiaren.

Det blir ein jury som skal avgjera kven som står igjen som vinnar til slutt, og denne juryen kjem til å bestå av ein representant frå kvar av sponsorane, i tillegg til eit par personar utanom.

Nes vil også understreka at det er viktig å melda seg på dersom ein har lyst til å vera med, og trur ein har eit talent.

— Det er kanskje mange som har veldig lyst til å prøva seg, men som er usikre på om dei er gode nok. Då oppmodar eg i alle fall ungdomane til å ta sjansen og melda seg på, i staden for å kutta det ut. Kjør på! seier Nes.

50 eksemplar

Roots-sjefen ser på dette som eit springbrett for deltakarane, til å koma vidare i si musikalske ferd mot ein eventuell stjernehimmel. Han oppmodar også lærarar i kulturskulen som ser dei har eit talent blant elevane sine, om å oppmuntra dei til å melda seg på.

— For vår del er det viktig å kunne ha eit tilbod til dei unge og leggja til rette for at dei skal få kunne visa seg fram. Det er mange musikkprogram på tv som lokkar for dei unge i dag, men nålauga der kan vera så ufatteleg trongt. Derfor er det kjekt å kunne få arrangera ein slik konkurranse i samarbeid med andre sponsorar, seier Nes.

For det er ikkje småtteri vinnaren får med seg heim. Ei slik innspeling av ein single blir ofte berre ein draum for dei fleste. Men den heldige får oppleva korleis det er å vera artist i studio ein heil dag, i tillegg til at vedkomande får 50 eksemplar av singelen han eller ho spelar inn. Det kan fort bli eit godt minne å ta med seg vidare i livet.