Mandius Vårvik sette i inn 1-0 til Vats94/Skjoldar før det var gått to minuttar. Foto: Magne Skålnes
Mandius Vårvik og Vats94/Skjoldar klar for tøff otstandar på heimebane. Arkivfoto: Magne Skålnes

Toppkamp i Vats

Kan Vats 94/Skjoldar vera det første laget som tuktar den suverene serieleiaren Skudenes? Svaret får du på Hatteland stadion i Vats fredag kveld. Laget frå heilt sør på Karmøy har imponert i årets 5. divisjon og står med åtte sigrar og eit uavgjort før tiande runde.

Heimelaget har sjansen til å passera Etne og gå opp på andreplass med siger i komande serierunde. Det er også bra for speninga i toppen om det blir heimesiger i oppgjeret.

Etne har opna sterkt, men ligg seks poeng bak serieleiaren. Men Vedavåg Karmøy2 som er motstandar på Etne stadion laurdag ettermiddag, bør vera ei overkomeleg oppgåve.

Også det tredje lokale 5. divisjonslaget har heimekamp i denne runden. Ølen møter Hemmingstad i kveld, torsdag. Haugesundslaget har greidd seg godt og Ølen bør prestera opp mot sitt beste for å vinna og henga med blant dei øvste på tabellen.

Hugs Grannar si tippekonkurranse her

Tabell 5. divisjon avd.03

Lag Sigrar Poeng
1 Skudenes 9 25
2 Etne 9 19
3 Vats 94 / Skjoldar 9 18
4 Hemmingstad 9 16
5 Kopervik 2 9 16
6 Ølen 8 15
7 Karmsund 8 15
8 Nord 9 12
9 Haugar 2 9 7
10 Leirvik BK 8 5
11 Vedavåg Karmøy 2 9 1
12 Ferkingstad 8 1