Tre svarte sauar stengde tunnel

Ved 23-tida laurdag kveld vart Stordalstunnelen på E134 stengt då det kom melding om at dyr hadde forvilla seg inn i tunnelen. Statens Vegvesen fekk meldinga frå publikum som hadde observert tre svarte sauar i vegbanen. Politiet vart kontakta, men dei hadde ikkje kapasitet til å ta saka då. Då vart ein entreprenør kontakta, og ein halv time etter sauene tok seg inn i tunnelen var dei ute att.