Her hamna lastebilen då den var på veg over Fikse.
FOTO: SIRIANNE VIKESTAD
Her hamna lastebilen då den var på veg over Fikse. FOTO: SIRIANNE VIKESTAD

Lastebil i grøfta

Ein gong mellom klokka 11.00 og 11.30 tysdag køyrde en liten lastebil av vegen på E134.

Sjåføren, ein vaksen mann, kom ikkje til skade i hendinga.

Årsaka til uhellet er ikkje kjend.

— Det er ikkje meld om personskade, så det er ikkje noko sak for oss, seier politioverbetjent Arild Austrheim ved Etne og Vindafjord lensmannskontor.

E134 over Fikse vart stengd ei lita stund ved 14-tida i samband med bilberginga.