Etne og Vindafjord står i frodig sommardrakt, og fotomotiva er mange.  Her frå Håland i Stordalen.
FOTO: TORSTEIN NYMOEN
Etne og Vindafjord står i frodig sommardrakt, og fotomotiva er mange. Her frå Håland i Stordalen. FOTO: TORSTEIN NYMOEN

Ta blinkskot i sommar

Grannar inviterer til fotokonkurranse og ber lesarane senda inn sommarbileta sine.

Grannar sin fotokonkurranse som går av stabelen kvar sommar, har vist seg å vera ein populær konkurranse. Mange flotte bilete har kome inn og har blitt publisert for lesarane våre.

Kvar veke vel ein jury ut dei tre beste bileta og rangera dei frå første til tredje plass. Alle vekevinnarane går vidare til ein finale, der vinnaren av årets sommarbilete får eit gåvekort på 2.000 kroner, i ein valfri butikk i Grannar-distriktet.

Du kan senda inn ditt bidrag på to måtar:

e-post: foto@grannar.no

MMS:  975 70 789

Merk bidraget ditt med «Sommarbiletet 2016» og skriv litt om motivet på biletet, kven som er avbilda og namnet på fotografen.

Hugs å oppgi fullt namn og adresse når du sender inn.

Dei premierte frå den siste runden blir presentert i avisa torsdag 4. august.

Vinnarbilete frå kvar runde blir stilt ut på Grannar sin stand på Etnemarknaden, og der vil publikum stemme fram hovudvinnaren.