Fann bil i gjørme – klipte av skilta

Natt til sundag fekk politiet melding om at ein bil hadde køyrd av vegen på Kyrping. — Det var ingen til stades ved bilen då patruljen kom fram. Bilen, som sto fast i gjørme, var krevd avskilta, så skilta var klipt av, fortel operasjonsleiar Britt Jorunn Løvereide ved Sør-Vest politidistrikt. Ho fortel at ingenting tyda på at noko hadde kome til skade, og grunna andre prioriterte oppdrag i distriktet vart det ikkje prioritert å leite etter bilførar.