Ei ekstrem regnbøye slo inn over Ilsvåg måndag, med så store skader at det blei meldt inn til lensmannen i Vindafjord. Det svært kraftige regnfallet, av det lokale slaget, førte til at to kjellarar blei oversvømt av vatn. I tillegg mei rundt hundre meter av ein gardsveg tatt av flaumen. Lensmann Ingvar Gjærde opplyser at det blei sett inn ein gravemaskin for å prøva å avdempa skadane, men at det likevel var ein god del øydelegging. Bøya førte til at det raste stein ned i ein bekk/elv som førte til at eit røyr blei tetta. Det dreier seg både om forsikringsskade og naturskade, opplyser lensmannen.