Har søkt UDI

UDI lyste i juni ut nye regionvise anbodskonkurransar for å skaffa inntil 18.000 nye akuttinnkvarteringsplassar på landsbasis. Dette er plassar som ikkje skal nyttast nå, men inngå i den totale beredskapen dersom det skulle koma ekstraordinært mange asylsøkjarar. I region vest kom det inn to anbod fordelt på tre kommunar innan fristen 26. juli. Dei tre kommunane det gjeld er Haugesund, Randaberg og Vindafjord. Arbeidet med konkurransen vil pågå dei nærmaste vekene, og eventuell tildeling av kontrakt er planlagd i midten av august, opplyser UDI region Vest.