Det regnar så godt på marknaden fredag at det til og med skremmer innleigd arbeidshjelp frå Bergensrussen. Ella Paasche (18) og Marie Byggstad (18) hadde foreløpig innandørsarbeid i samanheng med marknadsutstillinga i idrettshallen, men stålsette seg for å kanskje bli sendt ut i uvêret.
— Me er ein gjeng jenter som er her for å tene penger til russebussen, fortel dei. — Eg trur me er blant dei som har dratt lengst utafor byen i den samanheng. Det er overraskande gode penger, og slår definitivt dorullsalg, som er noko dritt. Me er fire stykk her i dag, og så kjem ni til i morgon. Utrop til bussen, som tel 23 jenter frå Amalie Skram Vgs og heiter L’Chaim 2017! Det er «teaser»-namnet, som så blir erstatta av eit dekknamn og til slutt det endelege buss-konseptet. L’Chaim er hebraisk for «skål», forklarer russejentene.
Vêret såg ut til å ha skremt dei fleste i to-tida fredag, med berre spredte grupper å sjå rundtom på marknadsområdet.
— Me hadde ein god torsdag med vel 5800 besøkande, og betre inntekter på matsal enn i fjor, fortel marknadsjef Kurt Helgesen. — Det er synd at vêret er som det er nå på fredag, men me hadde jo kanskje håpt på litt fleire folk uansett. Me trur og håpar at det kan ta seg opp nå utover på ettermiddagen.