Mykje regn og store vassdrag aukar faren for skred på Vestlandet, melder NVE.
Arkivfoto
Mykje regn og store vassdrag aukar faren for skred på Vestlandet, melder NVE. Arkivfoto FOTO: Foto: Arne Frøkedal

Rekordane fell

Fleire stader i Etne kommune er det sett augustrekord i nedbør det siste døgnet.

Regnet bøttar ned, og Hordaland er langt hardare ramma enn Rogaland av det kraftige regnfallet som starta måndag. NRK Hordaland melder om ei rekkje nedbørsrekordar i fylket det siste døgnet, frå måndag til tysdag morgon.

Blant desse er målestasjonane i Litledalen, Kritle og Eikemo i Etne kommune.

Aller mest er det målt på Kritle; 122 millimeter som er den høgaste døgnmålinga i august nokon gong. Førre rekord er frå 2013 på 67 millimeter.

I Eikemo i Åkrafjorden er den nye augustrekorden på 102,2 millimeter. Den førre er frå 1989 med 93,9 millimeter. Også Litledalen, som ligg nedafor Kritle, har ny døgnrekord for august med 77,9 millimeter målt tysdag morgon. Førre rekord er frå 1984 på 59 millimeter.

Våtast i Hordaland, ifylgje NRK, har det vore på Opstveit i Kvinnherad. Det fall det heile 144 millimeter nedbør det siste døgnet, som også er mest i landet.

Rogaland har ikkje like høge målingar å visa til. Liarvatnet i Strand kommune toppar med 80,5 millimeter regn frå klokka 08.00 måndag til klokka 08.00 tysdag. På andreplass var Lysebotn med 72,4 millimeter, mens det ved Hundseid i Vikedal er registrert 68,5 millimeter nedbør dette døgnet, melder NRK Rogaland.