76 fekk bøter

Heile 76 bilførarar fekk bøter då to UP-patruljer gjennomførte fartskontroll på E134 i Stordalen sundag ettermiddag. Det betyr at det blei skrive ut førelegg for over 200.000 kroner. Høgaste fart blei målt til 109 km/t i 80-sona. Kontrollen varte frå 17.30 til 21.00, melder Sør-Vest politidistrikt avd. Haugesund.