Etne-ordførar Siri Klokkerstuen har akkurat hatt kollag Ole Johan Vierdal i Vindafjord på tråden, og konkludert med at dei begge har fått tydelege råd frå innbyggjarane sine. I bakgrunnen sit resten av valstyret i Etne og vurderer tala.
FOTO: TORSTEIN NYMOEN
Etne-ordførar Siri Klokkerstuen har akkurat hatt kollag Ole Johan Vierdal i Vindafjord på tråden, og konkludert med at dei begge har fått tydelege råd frå innbyggjarane sine. I bakgrunnen sit resten av valstyret i Etne og vurderer tala. FOTO: TORSTEIN NYMOEN

— Eit tydeleg råd

Etne-politikarar slår fast at rådet frå innbyggjarane er tydeleg nok. Samanslåing med Vindafjord kjem ikkje på tale.

Med unnatak av eit lite fleirtal i Etnesjøen var rådet klart frå dei andre krinsane i Etne. Ein vil ikkje slå seg saman med nabokommunen. Det tek politikarane til etteretning.

— Det ser ut til at etnebuen og vindafjordingen vil det same. At me skal halde fram å samarbeide og at det er ei god retning å utvikle seg vidare i. Eg tolkar det slik, sa ordførar Siri Klokkerstuen (AP) til Grannar seint måndag kveld.

— Du stemte nei sjølv. Er du glad for å vere på parti med fleirtalet?

— Eg har røysta etter mi eiga overtyding etter å ha vurdert fleire punkt. Dette er uansett ikkje ein kamp det har vore viktig å vinne, dette er ikkje noko eg går heim og feirar, for å seie det slik. Det aller viktigaste har vært å mobilisere innbyggjarane, eg ønskjer engasjement, seier ho.

Ho er glad for at svara er tydelege.

— Folk har gitt oss ei retning vidare som er tydeleg, og det er eg glad for. Eg er glad for vi slepp å stå her å tolke noko, seier ho.

— Er 54 prosent deltaking i Etne nok til at det er eit godt råd frå folket?

— Det kunne gjerne vore større. Men det er nok til at du ikkje treng å vere i tvil, seier ho.

Namne-stunt ikkje nok

Lars Olav Bergsvåg (H) fekk endra styringsgruppa for kommunesamanslåing sitt vedtaket om at ein ny kommune skulle heite Etne berre seks dagar før folkerøystinga. Han hadde håpa det kunne vere med å bikke resultatet mot eit ja til samanslåing, men det gjekk altså ikkje.

— Eg er ikkje nøgd med dette resultatet, det er klart. Men folket har talt, seier han til Grannar.

— Er ønskjet om samanslåing ei tapt sak no?

— Ja, slik det ser ut no må me seie det. Det er eit klart nei-fleirtal, seier han.

— Eit klart råd

Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim, gruppeleiar for Senterpartiet i Etne kommunestyre meiner at tala gir eit klart råd frå innbyggjarane.

— Sp har stått på for å få folkerøysting. Og med ein svarprosent på 54,3 prosent har me fått eit tydeleg svar. Eg var redd at valdeltakinga skulle vere så låg at ein ikkje kunne ta det som eit råd. Men dette er greitt, seier ho.

— Leiande personar i Sp både i Etne og Vindafjord har røysta ja, kanskje overraskande for mange med tanke på at Sp ofte jobbar mot sentraliserande krefter. Kva er forklaringa på at du røysta ja?

— For meg var det mellom anna utslagsgjevande at når interkommunale fagmiljø må forhalde eg til to kommunar kan dei bli litt ineffektive, seier ho.