Morten Frøland utliknar til 2-2 før pause mot Etne. Foto: Magne Skålnes
Morten Frøland utliknar til 2-2 før pause mot Etne. Foto: Magne Skålnes

Endeleg siger for Vats94/Skjoldar

Den tette og jamne kampen mot Etne vart avgjort til 3-2 på overtid av Øystein B Gjellestad.

Etne var nok knepne favorittar mot nabolaget Vats94/Skjoldar fredag kveld, men måtte reise heim utan poeng. Åsmund Norheim sørga for begge måla til Etne i første omgang. Vats94/Skjoldar kvitterte før pause. Først var Etne-keeperen uheldig og slo ein corner frå Jan Trygve Haraldseid i eige nett, før Morten Frøland sørga for balanse på eit frispark. 2-2 heldt seg heilt til Øystein B Gjellestad sørga for siger til heimelaget då han vann ein 50/50-duell med Etne-målvakten, og kunne spasere ballen i mål.

Etne ligg med dette på 3. plass med 31 poeng, medan både  Ølen og Vats94/Skjoldar har 25 poeng på 5. og 6. plass. Ølen har spelt ein kamp mindre enn dei andre laga. Etne tar imot Ølen neste laurdag til eit nytt nabo-oppgjer.

Les meir om oppgjeret i Vats i måndagens papiravis.