Talet på arbeidslause i Rogaland og Hordaland flatar ut. Det er først og fremst effekten av arbeidsretta tiltak som nå verkar. Rogaland ligg framleis på topp i Norge med felst utan jobb. Lokalt er det ei lita positiv utvikling i arbeidsmarknaden, viser ferske tal frå NAV. Vindafjord har ved inngangen til september 145 heilt ledige, som utgjer 3,0 prosent. Månaden før var det 158 registrerte ledige. For eitt år sidan hadde Vindafjord 52 arbeidslause. Også i Etne viser dei siste tala ei lita betring; 53 personar heilt utan arbeid, som er 2,4 prosent, mot 57 for éin månad sidan og 104 eitt år tilbake.